Fotogalleriet

     I fotogalleriet er det alltid mykje
     spanande å forveta seg på.

                    Klikk her for å gå til galleriet...

PDF-arkivet

PDF-arkivet inneheld alle utgåvene
av Vikaskarven frå første utgåve
som kom ut allereie i 2001.

            Klikk her for å gå til PDF-arkivet...

Turstiar

Det er lagt ut ein god del forslag
til turstiar som kanskje ikkje alle kjenner
til.

        Klikk her for å lesa meir...

Til bydn med Dampen - Torgdagen 12.juni 2010
Frå Vik kl 08.25

 

Også i år går ”Gamle Dampen” til bydn på Torgdagen.

Veteranrutebåten M/S MIDTHORDLAND går frå

Solsvik kl 07.45, Turøy kl 08.00, Misje kl 08.10, Vik kl 08.25,

Vindenes kl. 09.00, Ågotnes kl 09.10, og Geitanger kl. 09.30

- til Bryggen i Bergen kl. 10.30.


Retur frå Bergen kl. 15.30 til dei same kaiane.

MIDTHORDLAND kan ta 150 passasjerar.  
Det blir ingen førehandstinging av billettar i år.
Billettane vert selde ved landgangen.

Billetten for vaksne kostar kr. 150.-  ein veg og kr. 250.-  for tur/retur.  For barn kostar billetten 100 kr tur/retur, men familiar får eit barn gratis pr. vaksen.  
Med helsing Bygdelaga

 

Årsmøte i Grendalaget


Vik Grendalag gjenvalde styret på årsmøtet måndag.

Måndag 22. mars var det årsmøte i Vik Grendalag. Styret som no sit i Grendalaget tok gjenval, og dei som utgjer styret er som følgjer:

Leiar: Thora Vik
Referent: Ronny Nottveit
Styremedlemar: Aud Helen Solsvik, Johnny Dåvøy, John Solsvik, Marianne Dåvøy, Rune Holmen, Kari Klepsvik, Rolf Vik og Solbjørg Vik.
 

 

   Vikaskarven 01 - 2010 klar for nedlasting

 For dei som ikkje har fått Vikaskarven i posten, så kan den no lastast ned frå vårt pdf-arkiv.

Det er verdt å merka seg at dette er 10. årgong for Vikaskarven, så det kan kallast eit aldri så lite 10-års jubileum.

 

     Gratulerer med 10-års jubileum!

Overskot for Bedehuset

 

Økonomien til Vik Bedehus er god. Med eit overskot på 53.700 kroner i rekneskapen for 2009 og mest 90.000 kroner i bank gjorde Bedehuset opp status på Årsmøtet lørdag 13.februar. Talet på medlemar i Bedehuset har stige frå 96 betalande i 2008 til 118 i 2009. Ei av årsakene til dette er at årsmøtet i fjor vedtok å opna for at også barn kan vera medlemar i Bedehuset.

Frammøtet til årsmøtet var heller labert, berre 20 medlemar møtte til Generalforsamlinga lørdag ettermiddag. Ei hovudsak var revisjon av vedtektene frå 1937. Styret har lagt fram ein revisjon som delvis er ei oppdatering av det språklege, men som og tilpassar vedtekene til vår eiga tid. Dei nye vedtektene skal endeleg handsamast på årsmøtet i 2011.

Årsmøtet vedtok elles å halda fram med radiosendingar av søndagsmøte i eit samarbeidet med Kristen Radio Sotra. Medlemskontingenten på 50 kroner vert den same også i år.

Styrevalg: Morten Torsvik og Egil Martinussen vart attvald, medan Ole Andreas Wassvik vart 1.varamann til styret. Olav Martin Vik vart 2.varamann.
 

 Snørik romjulstur

 Snøen låg tung over Toftøy søndag 3.juledag då den tradisjonelle Romjulsturen vart arrangert. Dei 25-30 som tok turen, fekk ei uvanleg fin oppleving av markestiane og Pordalsmyro i vinterskrud. Og ingen tok skade av den kvite snøkåpa som dekka området. Sjeldan har me sett Pordalsmyro og sjenefloren så vakker. Vel frarmme venta det turdeltakarane både kaffi, saft, julebakst, sjokolade og klementinar. Og på grua brann det lysteleg slik at fleire nytta høve til å grilla pølser og kosa seg rundt bålet i Pordalsmyro.

 

Les mer: Snørik romjulstur

PDF-arkivet komplett

No har me endeleg scanna inn Nummer 1 og 2 første årgong av Vikaskarven. Klikk på lenkene under for å sjå kva som sto på dagsordenen på Vik i år 2001. Til informasjon, så kom det berre to blad det aller fyrste året. Klikk på "PDF-arkiv" i menyen til venstre for ei liste med alle utgåvene av Vikaskarven.

Redaktør John Solsvik kan óg fortelja at julenummeret 2009 er i rute, og kjem i postkassane ein av dei fyrste dagane.

Nummer 1 - 2001

Nummer 2 - 2001

 

 

 

Side 1 av 3

Innlogging for redaksjon



Siste frå Fotogalleriet

Vikaskarven Fotogalleri
1037 photos in 131 albums
Vikaskarven Fotogalleri

Antall besøkjande akkurat no

Me har 4 gjestar her no
Kopirett © 2010 Vikaskarven Avis. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.