 |
 |
 |
|
|
Det vart ein alle tiders 17. mai-feiring på Toftøy. Uvanleg mange gjekk i barnetoget som i år starta frå Vik Bedehus. Toftøy skulemusikkorps spela og ordførar Olav Martin Vik held festtalen.
Folk nytte vårsola utanfor nyeskulen og koste seg storleg.
Created on 05/17/10, last changed on 05/17/10. This album contains 23 items.
This album has been viewed 329 times since 05/17/10.
|
|
 |
 |
 |
|
|
Fleire hundre møtte opp og gjekk i barnetoget frå Torsvik kai til Skulehuset på Toft. Framst i toget gjekk flaggborga med Toftøy Skulekorps rett bak. Det spelte imponerande flott og skapte den rette 17.mai-stemninga.
Created on 05/17/09, last changed on 05/17/09. This album contains 24 items.
This album has been viewed 329 times since 05/17/09.
|
|
 |
 |
 |
|
|
På søre Vik kjem det denne vinteren opp eit nytt hus. Det er Åse og Oskar Vik som er byggherrar, og huset kjem opp aust for løo til Ingolf Solsvik på ein bakke som vart kalla Leitet. Åse og Oskar er begge frå Vik og bur for tida i Knappen.
Last changed on 03/22/10. This album contains 13 items.
This album has been viewed 319 times since 01/12/08.
|
|
 |
 |
 |
|
|
Hovudvegen over Tofthaugen har vore stengt nokre dagar på grunn av legging av kloakk- og vassledning gjennom vegen vestover til Hauen og Skjergardstunet.
Last changed on 12/03/05. This album contains 3 items.
This album has been viewed 201 times since 10/15/05.
|
|
 |
 |
 |
|
|
Vik Mannskor var i studio helga 3. - 5.juni og spelte inn CD-plate. Det vart mange og lange timar med terping og finpuss før koret hadde spelt inn 14 av songane sine. No vert råutkastet bearbeida, det vert lagt på bassgitar og saxofon på nokre av songane, det skal lagast omslag og plata skal kopierast i 5-600 eksemplar. I slutten av august er CD-en klar, og det vert CD-slepp i Vik Bedehus lørdag 27.august. Opptaka vart gjort i platestudioet Lydriket på Verftet i Bergen, og firmaet Make Music produserer plata. Pris: kr.150,-. Kan kjøpast ved å kontakta Vikaskarven.
Last changed on 03/13/06. This album contains 5 items.
This album has been viewed 225 times since 10/02/05.
|
|
 |
 |
 |
|
|
Søndagsskulen hadde si avslutning av semesteret i Pordalsmyro søndag 10.juni. 20-25 små og store koste seg storleg i det flotte og varme sommarveret ved skjenefloren i Pordalsmyro. Etter leik og illustrerande andakt der mest alle var med, vart det servert grilla pølser til alle som ville ha. Eit flott tiltak - som altfor mange gjekk glipp av...
Last changed on 03/22/10. This album contains 12 items.
This album has been viewed 262 times since 06/10/07.
|
|
 |
 |
 |
|
|
To store naust er under oppussing i Vikavågen. Naustet til Per B. Vik får nytt tak. Naustet til Asbjørn M. Vik får ny fasade mot sør.
Created on 09/22/08, last changed on 12/08/08. This album contains 5 items.
This album has been viewed 162 times since 09/22/08.
|
|
 |
 |
 |
|
|
I Stekkevikja nordom Grønholmen er den største hytta demontert og berre grunnmuren står att.
Lenger nord i Breivikja brann ei hytta ned til grunnen 20.juli. Eit eldre ektepar på 82 år som var i hytta då lynet slo ned, klarte å berga seg ut av hytta i god behald.
På austsida av Va er hytta på Skarveland sin eigedom betydeleg utvida i sommar.
Last changed on 03/22/10. This album contains 5 items.
This album has been viewed 301 times since 08/13/07.
|
|
 |
 |
 |
|
|
Flytebryggja ved Dampekaien er så å seia eit faktum. Mandag 19.oktober vart bryggja lagt ut for å prøva korleis hos passar i fortøyningane. Hendinga tiltrekte seg sjølvsagt ein del folk på kaien som flittig kommenterte det som føregjekk.
Created on 10/19/09, last changed on 10/20/09. This album contains 3 items.
This album has been viewed 348 times since 10/19/09.
|
|
 |
 |
 |
|
|
På tomta etter den gamle Kørbestovo kjem det opp eit heilt nytt hus. Her er nokre glimt frå arbeidet og kor langt det er kome.
Created on 11/22/08, last changed on 12/08/08. This album contains 3 items.
This album has been viewed 179 times since 11/22/08.
|
|