Vikaskarven

Lokalavisa for Vik i Øygarden

 

Vikaskarven er ei lokalavis for bygda Vik på Toftøy i Øygarden kommune, Hordaland. Første utgåve av avisa kom 5.april 2001 og inneheld fire sider trykt i svart-kvit. Vik Grendalag er ansvarleg utgjevar for Vikaskarven som  kjem ut fire gonger i året, i mars, juni, september og desember.

På "gamle" Vik er det 60 hustandar som får avisa gratis. I tillegg får dei fleste hustandane i Knappen avisa, der er det 70 hustandar. Ut over dette vert Vikaskarven sendt i posten til rundt 60 abonnentar, dei fleste frå nabogarane Toft og Torsvik på Toftøy, og til utflytta "vikafolk" spreidde over heile verda til dømes USA, New Zealand, Tyskland, Danmark og Sverige.

Tanken med avisa er å vera ein møteplass der folk kan få vita nytt frå Vik og vikafolk heime og ute. Før møtest folk på butikken, på kaien eller ved sjydn der dei snakka med kvarandre om likt og ulikt. Desse møteplassane er vekke, og kontakten folk imellom er liten.

Derfor avisa Vikaskarven - som møteplass, oppslagstavle, kulturformidlar og pådrivar. Avisa ser det som svært viktig å fremja god og verdifull kultur frå vårt område. Og avisa tek initiativ, er meiningsberande og fungerer som pådrivar når bygda vår treng gode tiltak for å betra livskvaliteten til dei som bur her.

Vikaskarven er open for innslag og initiativ frå lesarane. Vi seier nei til debatt og lesarinnlegg. Men vi tek med glede imot tips, historier og bilete til bruk i bladet. Bruk avisa, du og, og ver med å gjera Vikaskarven endå betre.

Eit abonnement på avisa kostar 150kr pr år. Klikk på "Kontakt" øverst til høgre for å kontakta oss.

Vikaskarven er å finna på Facebook. Der vil informasjon og oppslag om det som skjer på Vik verta publisert.